Selected Families and Individuals

Notes


Ola Rasmusen

4. Ola Rasmusson fekk bygselbrev 1703 etter at stedmor hans hadde gjeve opp bygsela. 1 1711 vart Ola stemd av Nub Torpo for delet på heimstølen Melset. Stølen låg i Bardskrinds eign, men Nub hadde brukt stølen i over 40 år, heiter det. Ola skal ha rive ned bua til Nub, og gjerdet rundt vollen, og so hadde han slege noko på vollen og køyrt over vollen om sumaren. Før og hadde det vore herverk på stølen. Ola vart dømd til å betala 4 rd. til Nub. (37) 1 1724 vart bygselbrevet til Ola "confirmeret" av presten Stockflet, og samtidig fekk arvingane til Ola rett framfor andre til å kjøpe eller bygsle garden. 1 1729 var det tvist om delet mot nørdre Bardskrind, og Ola ville ogso ha retta på delet mot Rud. Han fekk ikkje medhald av retten, men delet millom Bardskrindgardane vart retta og oppskrive. (38) Ola var g. m. Kristi Aslesdtr. Gjuvsgjordet. Han var f. omkr. 1682, og det var skifte etter han 1759. uet var 998 rd.-Borna var to søner og to døtre, men sonen Rasmus var død då. Den andre sonen var
S. Eirik Olson som hadde Rikansrud. (Sjå Rikansrud.) Han hadde fått skøyte på Bardskrind frå presten Quam i 1753, og brukte båe gardane.

Kilder:
Aal Bygdesoge bd. III side 207-208.

Barskrind - Gardshistorie

Søre Barskrind vart frådelt Barskrind fyrst på 1600-talet.
Areal 1865: 33 mål dyrka, 60 mål naturleg eng og 50 mål utslått. Avling: 29 tunner bygg og 24 tunner potet.
Areal 1995: 190 mål dyrka jord, anna areal 120 mål, prod. skog 550 mål, anna utm. 500 mål.
Våningshus (hallingstugu) bygt 1708, påbygt 1931, nytt våningshus 1994, stabbur 1708, låve med stall 1967, påbygd fjøs 1978, reiskapshus/gardsverkstad 1989.
Garden har langstøl på Hovdestølen og heimstøl på Melset. Besetning: 35 storfe, 50 vinterfôra sauer.
Stadnamn: Halle og Haugaåkeren, Træet, Øystølen (nedlagt heimstøl), Nordre Gjøta (ei utslåtte) oppe i skogen nær Rudsgjøta.
Ei soge: Ein kar frå Barskrind var soldat, og vart utkommandert til Holstein kring 1760. Det var politisk uro for Danmark på den tida. Då det varde og rakk utan at kona høyrde noko frå han, gifte ho seg pånytt. Då mannen omsider kom heim att, fekk han høyre at der var komen ny mann på Barskrind. Han gjekk inn i stugu og helsa, men der var ingen som kjende han att. Han bad om å få finkleda sine, og kledde på seg medan paret sat der og undrast. Då kjende kona mannen sin att, han spurde kven ho ville ha.
Neste dag reiste han og kona til lensmannen for å ordne opp formalitetane. Lensmannen hadde visst sagt noko slikt som at "Den siste skal bli den første". Dermed måtte mann nr. 2 pakke sakene sine og reise frå Barskrind. Hallingen 1920. Det har ikkje lykkast å finne ut kven denne mannen var. Det kan og ha vore ein gut på ein annan gard, ein gut som var frå Barskrind.
{1012} År: 1764c
Tolleiv Eirikson Rikansrud Barskrind 06.09.1744-1768 {940, 1014}
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand.
Gm Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard Barskrind 08.11.1744-1786 {1014}
Foreldre: Torstein Sveinson Stave Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
*Barn:
1. Kristi Tolleivsdtr. Barskrind Rikansrud 24.03.1765-1802 {941, 1014}
Gm Svein Olson Skottebøl Rikansrud.
2. Margit Tolleivsdtr. Barskrind 23.08.1767-1771s {1014}
Ugift. Ho budde på Varaberg. Buet etter Margit var 80 rd.

Tolleiv og Ambjørg gifte seg i i 1764. Det vart eit kort samliv. Tolleiv Barskrind vart drepen av tenestguten Lars Helling. Båe karane var på Leikvollo i november 1768. Lars fekk beskjed om å køyre eit par beitalass, men han var drukken og gav seg svært god tid. Så fekk han ny ordre hjå husbonden og dermed tok krangelen til. Om litt sa Tolleiv til Herbrand Leikvoll: "Ta tå'n kniven, han er skjerput" (=ondsinna, farleg). Då fekk Tolleiv fekk eit dødeleg knivstikk og vart liggande over dørstokken. Eilev Tullan frå Vats vart henta for å stemme blod. Men Tolleiv var død. Tolleiv vart slik attest frå sambygdingane sine: han kunne vera litt hastig, men var høfleg mot alle og velta seg aldri inn på nokon med klammeri. I 1769 var skifte etter 'ved morderhand afgangne mand' Tolleiv Eirikson Barskrind. I buet var Barskrind og Varaberg, og 404 rd. Ambjørg fekk utlagt senga si, 1 ku, køyresal m/bigsel og grime, 1 køyreslede m/sele og 1 bordduk. Enkja på Barskrind flytte til Varaberg med døtrene på 2 og 4 år, og gifte seg med Torjus Olson Helling Varaberg. Ambjørg hadde arva åsetet i Varaberg på skiftet etter bestemora Ambjørg Torsdtr. i 1763.

Kilder:
http://home.online.no/~twarberg/html/019001-.htm


Ola Tolleivsen

1720. Ola Tolleivson Uppsata - Villand, Blank-Ola, f ca. 1668 d 1724 (skft. 13/7 1724), g m Ragnhild Ellingsdtr. - Villand f 1692 d 1752.
Med Blank-Ola og Ragnhild Ellingsdotter Villand byrjar «soga om Villandane» som har gått på folkemunne til våre dagar. Vi har i Hol I (s 499-486) fortalt att sogene om Villands-folka bygt på arkivkjeldemateriale, med segnstoffet, kontrollert. I doktoravhandlinga «Villandane» (1939) av LR er heile segnmaterialet lagt fram og vitskapleg drøfta ved hjelp av arkivkjeldematerialet. Det gjev eit så fullstendig bilete av denne eldre Villands-ætta som det er råd å få det. Vi viser difor til desse, og konsentrerer oss her om den rolle Villandane spelte i gardshistoria og i bygda elles. Soga om dei ymse kjem under dei gardane som dei åtte, Elling Olson Villand og hans etterkomarar under nordre Villand, Lars Villand og etterkomarar under nordre og søre Grøvo osb. Og soga om dei som flytte ut or bygda, t.d. Torkjell, Nils, Svein og Margit, og etterkomarar deira, kjem under utflytte.

Ola fekk namnet Blank-Ola fordi han gjekk så sylva, med sylvknappar, sylvspenne og sylvsylgjer. Han vart holing då mor hans, Margit Tolleivsdtr. Nos - Uppsata, enkja etter Tolleiv Olson Uppsata i Ål ein gong etter 1688 vart gift oppatt med lensmann Gul Torgeirson Øvremyro i Hol, f 1636. Ola Tolleivson vart med mor si til Øvremyro. Han heldt seg og på Hamarsbøen, hjå Birgit, syster si, gift med Helge Steensen Hamarsbøen (frå dei kom Hamarsbøen-ætta med dei mange lensmennene), Blank-Ola vart t.d. i 1714 kalla Hamarsbøen. Som enkje gifte Birgit seg oppatt med Lars Sveinson Brattåker, bror til Åse Sveinsdtr. Brattåker, mor til Ragnhild Ellingsdtr. Villand. Blank-Ola hadde tjukke slekta ikring seg på fleire av dei største gardane i Hol. Verbrøren, Lars Sveinson Brattåker, ei tid i Hallsteinsgard i Ustedalen, ei tid på nordre Sletto, til slutt på Rygg i Kvisla, var handelskar og ein rik mann, åtte ved skiftet i 1740 2733 rdlr.


HØGSETE OG STUGUSKAP I VILLANDSSTUGUN. (Bil. frå Hol I, s415.)
Blank-Ola var også handelskar, ein av dei store, han fór vide, og vart rik, - difor kunne han gå så sylva. Rikdomen, ættekjensla og eigen styrke gjorde han overmodig. Soga om då han slo sorenskrivaren under bordet og gladeleg betalte 10 dalar i tillegg til den bota han hadde fått, har gått på folkemunne til våre dagar og har gjort han til segnhelt (sjå LR: Vill. s 12 ff. og 69; Hol 1, s 450. «Nevaslag-soga» er elles knytt til feire, sjå Halvdan Koht: Bondereising s 238).

Blank-Ola vart gift med Ragnhild Villand i 1716. Dei overtok halve garden etter at Elling, far til Ragnhild, var avliden i 1720. Enkja Åse Sveinsdtr. heldt fram med å ha den andre halvparten. Blank-Ola var ein dugande bonde dei åra han hadde garden. Han lånte ut pengar til folk og slo til seg eigedomar ved pant.

Soleis gav han 1/2 1717 eit lån på 570 rdlr. til Eirik Kitilson Rue i Hovet mot pant i Rue og i Eiriks del i Faugelistølen, og i 1/5 i ei flaumsag (Ruesaga) og eit kvernhus. Etter at Erik Rue var borte i 1818, overtok Blank-Ola garden Rue og Faugelistølen. Han budde visstnok i Rue til han ikkje lenger fann seg «fornøyet» med det (truleg ti'l han overtok halve Villand). Og 24/2 1722 overdrog han panten i Rue og garden til ettermannen til Eirik Rue i ekteskapet, Ivar Eilevson Berg, frå Vats. Blank-Ola hadde sidan berre søre Villand.

I 1720 vart Blank-Ola stemnt for retten av Knut øvre Skøro fordi han tok halvparten av ein støl med bu, som Knut sa at han hadde kjøpt av verfar til Blank-Ola, Elling Villand. Det står ikkje kva dette var for ein støl. Blank-Ola møtte ikkje.

Etter Eksam.prot. 1723 hadde Åse og Ola Tolleivson på dei to halvpartane av søre Villand til saman: 2 hestar, 16 storkrøter, 3 sauer og 3 geiter, dei sådde 3 tn bygg og avla 16 lass høy, garden var mold- og skirlendt, heitte det.

Blank-Ola var ein av dei første i bygda som ville ha skogen sin utskift frå sameiga, - Brattåker var den første, som vi har høyrt, 10/9 1675, nordre Villand den andre, 23/10 1699, søre Villand etter opptak av Blank-Ola den tridje, 27/8 1723.

Grannane vart innkalla til søre Villand. Der møtte: Aslak nordre Villand, Ola Nedrejorde, Hermann og Holge Nedrejorde, Holge og Narve Øvrejorde, Tolleiv Grøvo, Nils Kleppo, Knut Grøt, Knut søre Mørk, Nils Kyrkjeluten, Herbrand Solheim -- Høgnerud og Johannes nordre Mørk. Ola Tolleivson ville ha greidt kva som høyrde han til både vestafor og heimafor elva. Aslak nordre Villand la fram delingskontrakta for nordre Villand frå 23/10 1699. Alle gjekk så ut for å sjå kva Ola Tolleivson skulle ha. På øystre sida vart det inga deling. Dei fór så over elva til ei vik, Bjorviki, der Ola Olson Brattåker la fram avtalen frå 10/9 1675, som viste kva grenser hans eigedom hadde vestafor. Søre Villand fekk så sitt vestafor utskifta (jfr. Eigedomstilhøva og utraster i Sør-Hovet, ovanfor).

Blank-Olas born føre ekteskapet:
Eit barn f 1703 eller 1704; mor: ug Ambjørg Olsdtr. Strand, Ål.
Haldis f 1704; mor: ug Birgit Aslesdtr. Djuvsjord, Votndalen, Ål (dtr. til Asle Eirikson Djuvsjord frå Tune og kona, Ragnhild Sveinsdtr. Nedremyr, Hol). Blank-Ola vart då kalla Myro. Halldis voks opp på nordre Breie, der mora vart gift med Knut Knutson Breie (f ca. 1730). Ho vart g m Engebret Torkjellson Sel (f 1700), og hadde ei dotter, Margit, f ca. 1730, g m Per Halvorson Uppheim, som overtok Sel.
Tolleiv Olson (Villand) f 1714; mor: ug Ragnhild Ellingsdtr. søre Villand, Blank-Ola då kalla Hamarsbøen.
Tolleiv Olson f 1715; mor: ug Kari Olsdtr. Mehus, Kvisla. Blank-Ola då kalla Villand. Tolleiv vart fødd etter at Blank-Ola og Ragnhild Villand var gifte. Han var gift 2 gonger og fekk mange etterkomarar (sjå Sjugurdhaugen i Lio).

Blank-Ola og Ragnhilds born i ekteskapet.

Nils Olson Villand f 1717 g m Margit Sjugurdsdtr. Nos, Ål, fekk halve Arnegard-Nos med henne, hin halvparten fekk han av farbror sin, Tolleiv Rikansrud.
Torkjell Olson Villand f 1719 g m Birgit Jakobsdtr. Rue, Hovet, byggmeister, lensmann, prokurator, hadde Nyhus i Torpo, sidan nedre Sundre i Ål.
Elling Olson Villand f 1721 g m Mette Persdtr. Hjermann, Lærdal, Sogn, f 1728, hadde nordre Tune i Ål, sidan nordre Villand. Sjå om borna og etterkomarane deira under nordre Villand.
Margit Olsdtr. f 1724 g m Eirik Olson Barskrind, Torpo, Ål, fekk garden Rikansrud og budde der.
Ved skiftet etter Ola Tolleivson Villand 13/7 1724 hadde han mange uteståande krav, i alt 1677 rdlr. Utanom fastegodset var eiga 1489 rdlr. Krøter: 2 brune hestar, 7 kyr (Bufri, Bjørføg, Bondekyr, Molsi, Morlik, Mariføg, ei kvige), 2 kalvar og 8 sauer. Likferda hadde kosta 20 rdlr.

Om Blank-Ola sjå elles LR: Villandane, og Hol 1, s 450, 0. Olafsen og Rikard Berge: Villandsætten. Sjå òg Halvdan Koht: Norsk Bondereising 1926, s 238.
Kilder: Folk og Fortid i Hol.

Kyrkjevegen
Nordre Vats - Holsåsen - Hol, 13 km

Kyrkjevegen var en svært viktig ferdselsveg mellom Hol og Ål helt fram til 1877, da Vats ble skilt fra Hol kyrkjesokn og lagt til Ål. Vegen tar av over brua ved Nordheim i Vats. Den går opp fjellbjørklia og går i jevn stigning til Nedremyrstølen på Holsåsen. Nedremyrstølen er i drift etter gamle tradisjoner. I sommersesongen, tirsdager og torsdager fra kl. 12.30 - 15.00 er stølen åpen for servering av stølskost.
Fra Nedremyrstølen går stien opp til det høgste punktet ved Syningen før Storemyr. Segnet forteller at det i vikingtida har stått et stort slag her i området mellom småkonger fra Vats og Ål. På Fekjan ved Storemyr er det ei kasterøys. Den kan være fra middelalderen da skikken var å kaste stein eller kvist på slike røyser for å verne seg mot vonde makter.

Fram til Kløkk går stien i lett terreng. Ved stølen Kløkk ligger Blank Ola-steinen. Steinen har navnet sitt fra Ola Tolefsom Uppsata (1669 - 1743), som ble kalla Blank Ola fordi han som oftest i sølvknappa klede (hallingbunad). I steinen er det innrissa "1711 O.T.". Her satt han og gjorde handel med hester og annet bufe.

Like nedenfor Kløkk, mellom Rustberget og Medhusberget, ligger kvilarhella. Her brukte folk å sette kistene og kvile før de tok fatt på den bratte lia ned mot kirka. Før du kommer til Kvilarhella, kan du ta en avstikker for å se på den praktfulle utsikten fra Medhusberget.

Kilder:
http://www.hallingskarvet.com/aktiviteter/holsasen/index.stm


Ragnhild Ellingsdatter

Kring 1728 gifte Ragnhild seg oppatt med Ola Larson Uthus - Fossgard, frå Ustedalen.

1728. Ola Larson Fossgard - søre Villand f 1694 d 1753 g m enkja Ragnhild Ellingsdtr. Villand f 1692 d 1752.
Til å byrja med hadde dei halve garden, for Åse Sveinsdtr. sat med den andre halvparten, også etter at ho hadde vorte oppattgift til Skøro. Seinare løyste Ola Larson og Ragnhild inn også den delen ho hadde hatt.

16/7 1731 gjekk utskiftinga av skogen og hamna heimanfbr ovanfor gardane føre seg, der det før hadde vore sameige mellom søre og nordre Villand og Øvrejorde og Nedrejorde. Ola Larson møtte for søre Villand og «Pål Villand», dvs. Pål Skøro, for Åse Sveinsdtr. For nordre Villand møtte Aslak Sveinson. Dei to Villandsgardane fekk sitt nørdst, og parten deira vart delt mellom dei to gardane; sunnanfbr dei kom Nedrejorde og så Øvrejorde. Dei gamle «kannedele» mellom gardane vart nemnde.

Borna til Ola Larson og Ragnhild:
Ola Olson Villand f i mai 1729 g m Mari Henriksdtr. Dehlen f 1732, hadde Tufto i Kvisla, «Villandstuften».
Lars Olson f 1731, hadde nordre Grøvo, ei stund også søre Grøvo, g 2 gonger, sjå nordre Grøvo.
Mel. etterkomarane hans: Anna Larsdtr. Uthus, f 1829, g m fabrikkeigar Peter Jebsen, f 1824, grunnleggjaren av Arna fabrikker ved Bergen, o.m. sjå utflytte frå øvre Uthus, Ustedalen, bil. her s 288.
Svein Olson Villand f 1733 g 1864 m enkja Anne Torjusdtr. Sato, Ål, hadde nedre Sato, døydde fredlaus (sjå utfl. nedunder).
Knut Olson Villand f 1741 g 1769 m Ågot Guttormsdtr. øvre Larsgard f 1741 (foreldra hennar flytte seinare til Hølun i Nord-Hovet, som dei tok unna øvre Larsgard). Knut kjøpte Annfinnset, og han og Ågot budde der.
Ågot flytte som enkje til Sande i Vestfold med to døtrer, ei av dei, Ragnhild Knutsdtr., kom til Oslo, sidan til Bergen. Ho kalla seg Ragnhild Villand. Son hennar var målaren, forretningsmannen, skipsreiar og stor mæcen i København, etatsråd Christian Holger Stoltenberg (sjå også utflytte frå Annfinnset og bil. her s 290).

Samlivet mellom Blank-Ola og Ragnhild var godt, ho kunne berre av og til vera litt «hastig» mot han, vitna son til Ragnhild i 2. ekteskapet, Ola Olson, i 1752. Men tilhøvet mellom Ragnhild og 2. mannen vart mindre bra. Det vart sak mellom dei, som byrja 25/6 1749, og vitna drog fram mange mindre hyggjelege ting. Men det var òg soger som var sanka saman frå eit tidsrom på 10-12 år.


Då eldste sonen til Ragnhild og Blank-Ola, Tolleiv, gifte seg, og skulle overta garden, kjøpte Ola Larson og Ragnhild 29/10 1744 nordre Villand av kapt. des armes Henrik Dehlen (gm syster til kona til Tolleiv), og flytte dit, - dei heldt gardssyn der 7/6 1743. Like etter jula 1751 kom hendinga då Tolleiv i eit drykkjeras ute i garden med ein vedkubbe frå eit vedla der slo mor si over armen så det vart blåe flekker, - fordi ho nekta han meir å drikke. Både Ragnhild, kona hans, og halvbroren Ola melde Tolleiv for brutal framferd. Saka mot Tolleiv kom opp samtidig med saka mellom Ragnhild og Ola Larson. Men under dette døydde Ragnhild i 1752.

Det er sagt om Ragnhild at ho var eit hovud høgre enn andre kvinner, vakker og stateleg. Det er òg sagt at ho kunne vera brå og hard, og det som kom fram ved rettssaka med andre mannen, Ola Larson, viser òg det. Men i vitneprova finn vi òg ei kvinne som var oppteken med sitt husstell, laga mat og stelte klede, var oppteken med tøy, garn og leting, smettagrind og smettaband. I ei rettssak møter vi henne i ferd med å henge opp garn til tørking i svala. Vi skjønar at ho brukte briller. Skiftet etter henne har den lengste liste over gangklede og kvinneleg utstyr, som vi har funne i noko skifte i Hol og Ål (sjå Hol I, s 366). Der var òg eit sylvbelte, verdsett til heile 16 rdlr., 3 forgylte fingerringar av sylv, 2 forgylte brystspenne og 2 mindre sylvspenne. Dotter til Ragnhild og Blank-Ola, Margit Rikansrud, fekk alt dette sylvet. Truleg har vi her noko av sylvstasen til Blank-Ola.

I skiftet etter Ragnhild finn vi òg ein Brochmands Huspostil, ei Tomas Kingos salmebok, Katekismesongar, og ei gamal Kierkebog. Vi veit at Blank-Ola kunne både lesa og skrive, truleg kunne Ragnhild også lesa.

Ola Larson døydde litt over eit halvt år etter Ragnhild, han vart gravlagd 8/2 1753. Buet etter han var ikkje så rikt som det etter Blank-Ola, - bruttoeige 651 rdlr., netto 454 rdlr.

Tolleiv overtok garden visstnok i 1744.
Kilder: Folk og Fortid i Hol.


Elling Nilsen

1699. Elling Nilson søre Villand f ca. 1655 d 1720 g m Åse Sveinsdtr. Brattåker f ca. 1675 d etter 1738 (ho g 2. g m Pål Isakson nedre Skøro f ca. 1675).
Då Aslak Villand i 1700 stemnde Elling for retten for dei jordstykke Elling hadde kjøpt av han i 1669, betalte Elling han i 1701 2 rdlr. for dette, «for hans armods- og fattigdoms skyld». Kongsparten i søre Villand, 1 får, og Kongsparten i søre Larsgard vart av futen Tønder selt på auksjon 25/2 1712, og Elling fekk auksjonsskøyte på Kongsparten i søre Villand 5/8 1713.

Ved skft. etter Kitil Knutson Mørk 4/2 1710 var Elling Nilson Villand verje for dei 3 borna til eldste sonen til Kitil, Sjugurd Kitilson Mørk, som var død.

Elling sat no trygt på sin ættegard og var ein velhalden mann då den store nordiske krigen kom med dei store ekstra krigsskattane (krigsstyren, av Kriegssteuer, ty. = krigsskatt) som vart hardt inndriven og vekte illvilje i bygda. Då det i 1713 vart sendt ikring ekstra kommisjonærar til å krevja inn krigsstyren, nekta mange av bøndene i Hovet å betala. Og Elling Villand vart ein førar for dei.

Då innkrevjarane kom til Villand, sa Elling: «Eg har pengar å betala med, men den Vonde smette i meg for kvar skilling de får, utan marka til jordskatten. Eg trur ikkje nokon vil betala noko anna her i bygda.» Elling og fleire andre i Hol, og hovudmannen i Ål, Ola Hovdegard, vart arresterte og sende til Akershus festning. Det vart stor rettssak og forhør. Elling Villand vart dømd til 2 års festningsarbeid og til å miste all sin eigedom til Kongen (Ola Hovdegard fekk 3 år), dessutan måtte Elilng betala 30 rdlr. til skattekommisjonærane og 10 rdlr. til aktor i saka. Det vart halde eksekusjon hjå Elling for desse pengane, registrering 14/11 1714. Styresmaktene sette fengselsstraffa for Ellingg og Ola Hovdegard ned til 6 måneder, - «da den allerede holdte exekusjon har sat så stor frygt imellom dem at de ei så let lader se deres gjenstridigheder,» heitte det. Elling sat på Akershus i 219 dagar, men berga garden (sjå Hol 1, s 237 ff.).

Ved skiftet etter Kitil Helgeson Rud, Hovet, 3/6 1714 heitte det då òg om Elling Nilson Villand: «Befindes arresteret pd Aggershus.»

Born:
Ragnhild Ellingsdtr. Villand f 1692, g 1. g m Ola Tolleivson Uppsata, frå Ål («Blank-Ola») g 2. g m Ola Larson Uthus - Fossgard f 1694. (Ragnhild vart fødd s.å. som far hennar kom til Kolve på Voss, ho var kanskje då fødd på Kolve).
Margit Ellingsdtr. f ca. 1695.. g 1. g m enkjemann Nils Larson Kyrkjeluten d 1725, g 2. g m Knut Knutson Hallsteinsgard, - vart då kalla Hallsteinsgard, men var ikkje av Hallsteinsgard-folket, korkje i Hovet eller i Ustedalen. Det var visst han som i 1745 var med i eit gardssyn på nordre Sudndalen (Gudbrandsgard). Margit må vera fødd på Kolve.
Sigrid Ellingsdtr. f 1703 g m Asle Larson Uthus - Fossgard f 1693, - bror til 2. mannen til systera Ragnhild (sjå øvre Uthus - Fossgard).
Ved skiftet etter Elling Nilson 14/11 1720 hadde buet: 9 kyr (Brunhovd, Gullhov, Rosebådn, Fagersi, Skaute, Plome, Falpru, Gullbledt, og ei Skaute til) 4 kviger, 1 liten ukse, 3 kalvar, 10 sauer og 6 lam, 4 geiter og 1 bukk, - dette var fleire krøter enn det vart oppgjeve ved krøterskatten i 1657. Gangkleda til Elling nemnde i skiftet var: Ei trøye, eit par bukser, ei skjorte, eit par sko, eit smettabelte, ein hatt og eit par votter.

Åse gifte seg oppatt med Pål Isakson nedre Skøro f ca. 1675. Åse vart 23/2 1734 stemnd av verfaren, Isak Skøro, for 16 rdlr. og 2 års «inneliggende møkk», då enkje. Ho levde endå ved skft. etter verfaren 12/11 1738. Mannen, Pål Isakson, var død i 1732 (skft. 11/9 d.å.). Ved eit mistak har dødsåret for Åse i LR.: Vill. s 67 vorte oppgjeve til 1732, dødsåret til mannen.
Kilder: Folk og Fortid i Hol.


Svein Aslaksen

Svein Aslakson Brattåker f. 1609 d. føre 1689, g. 1. g. med Åse, g. 2. g. med Marit Andresdtr. nordre Nestegard, Holet, f 1620.
Svein åtte i 1654 også 1 løbbol med bygsel i Rime i Ål. På Brattåker hadde dei i 1657: 2 hestar, 16 storkrøter, 6 geiter og 20 sauer og lam. Saman med 7 andre holingar vart Svein Brattåker i 1662 stemnd for retten for å ha drive fehandel, som den tid var forbode, han hadde året før selt 8 stykke henta frå "Norlandet". Det var Svein som' ved deleforretning 10/9 1675 fekk utskilt det som Brattåker åtte i sameiga vestanfor, synst i vestlia, delesteinar vart nedsette i nærvær av son hans, Ola Sveinson.

Born, tolleg sikkert med 1. kona:
1. Borghild Sveinsdtr. født ca. 1648 gift med Per Nilson Kleppo, d 1719.
2. Ola Sveinson f 1649 el. 1650 (heilt sikkert med 1. kona).
3. Margit Sveinsdtr. f ca. 1651 g m Vebjørn Larson Larsgard f ca. 1655 d 1720, hadde nordre Larsgard.
4. Anne Sveinsdtr.
5. Birgit Sveinsdtr. f 1653 d 1747, g 1. g m Sjugurd Kitilson Øvremyro d føre 1710, g 2. g m Asle Person nordre Nestegard i Holet, f 1679.
6. Aslak Sveinson f ca. 1655 d 1737, g 1. g m Margit Gautesdtr. søre Tufto, Ustedalen, d 1726, g 2. g 1727 m Guro Guttormsdtr. Ovavoll (Larsgard). Hadde nordre Villand.

Born, truleg med 2. kona:
7. Lars Sveinson Brattåker f ca. 1670 g m enkja Birgit Tolleivsdtr. Hamarsbøen (enkje etter Helge Steensen Hamarsbøen, syster til Blank-Ola). Lars hadde ei tid Hallsteinsgard i Ustedalen (1706-24), frå 1724 nordre Sletto i Hovet, så Tufto i Kvisla, til slutt på Rygg.
8. Åse Sveinsdtr. Brattåker f ca. 1675 d etter 1738, (heilt sikkert dtr. til 2. kona) g 1. g m Elling Nilson søre Villand f ca. 1660 d 1720 (dei var foreldra til Ragnhild Ellingsdtr. Villand, g m Blank-Ola, mor til Vil Iandsbrørne), g 2. g m Pål Isakson nedre Skøro f 1675 d 1732. Åse levde endå i 1738 ved skiftet etter verfaren, då kalla Ase Villand".
Då Blank-Ola i 1716 var for retten for å ha hatt 4 born føre ekteskapet, van det sagt at Margit Andresdtr. Nestegard var mormor til Ragnhild Ellingsdtr. Villand, det er, som ein ser, rett.

I 1689 sette eldste sonen, Ola Sveinson, opp kårkontrakt med stykkmora, Margit Andresdtr., han hadde altså då overteke garden

Kilder:
Folk og Fortid i Hol bd. IV side 35-36.


Svein Aslaksen

Svein Aslakson Brattåker f. 1609 d. føre 1689, g. 1. g. med Åse, g. 2. g. med Marit Andresdtr. nordre Nestegard, Holet, f 1620.
Svein åtte i 1654 også 1 løbbol med bygsel i Rime i Ål. På Brattåker hadde dei i 1657: 2 hestar, 16 storkrøter, 6 geiter og 20 sauer og lam. Saman med 7 andre holingar vart Svein Brattåker i 1662 stemnd for retten for å ha drive fehandel, som den tid var forbode, han hadde året før selt 8 stykke henta frå "Norlandet". Det var Svein som' ved deleforretning 10/9 1675 fekk utskilt det som Brattåker åtte i sameiga vestanfor, synst i vestlia, delesteinar vart nedsette i nærvær av son hans, Ola Sveinson.

Born, tolleg sikkert med 1. kona:
1. Borghild Sveinsdtr. født ca. 1648 gift med Per Nilson Kleppo, d 1719.
2. Ola Sveinson f 1649 el. 1650 (heilt sikkert med 1. kona).
3. Margit Sveinsdtr. f ca. 1651 g m Vebjørn Larson Larsgard f ca. 1655 d 1720, hadde nordre Larsgard.
4. Anne Sveinsdtr.
5. Birgit Sveinsdtr. f 1653 d 1747, g 1. g m Sjugurd Kitilson Øvremyro d føre 1710, g 2. g m Asle Person nordre Nestegard i Holet, f 1679.
6. Aslak Sveinson f ca. 1655 d 1737, g 1. g m Margit Gautesdtr. søre Tufto, Ustedalen, d 1726, g 2. g 1727 m Guro Guttormsdtr. Ovavoll (Larsgard). Hadde nordre Villand.

Born, truleg med 2. kona:
7. Lars Sveinson Brattåker f ca. 1670 g m enkja Birgit Tolleivsdtr. Hamarsbøen (enkje etter Helge Steensen Hamarsbøen, syster til Blank-Ola). Lars hadde ei tid Hallsteinsgard i Ustedalen (1706-24), frå 1724 nordre Sletto i Hovet, så Tufto i Kvisla, til slutt på Rygg.
8. Åse Sveinsdtr. Brattåker f ca. 1675 d etter 1738, (heilt sikkert dtr. til 2. kona) g 1. g m Elling Nilson søre Villand f ca. 1660 d 1720 (dei var foreldra til Ragnhild Ellingsdtr. Villand, g m Blank-Ola, mor til Vil Iandsbrørne), g 2. g m Pål Isakson nedre Skøro f 1675 d 1732. Åse levde endå i 1738 ved skiftet etter verfaren, då kalla Ase Villand".
Då Blank-Ola i 1716 var for retten for å ha hatt 4 born føre ekteskapet, van det sagt at Margit Andresdtr. Nestegard var mormor til Ragnhild Ellingsdtr. Villand, det er, som ein ser, rett.

I 1689 sette eldste sonen, Ola Sveinson, opp kårkontrakt med stykkmora, Margit Andresdtr., han hadde altså då overteke garden

Kilder:
Folk og Fortid i Hol bd. IV side 35-36.